NESTE KURS etter avtale
Meld deg på ved å sende ein e-post til gunvor@vevstudio.no.
Har du spørsmål? Ring meg på tlf. 973 02 526
Du får praktisk vegleiing i toskafts veving på flatvevstol. Oppsetting av renning er gjort ferdig.
Ved straks å sette seg i vevstolen og starte vevinga vil du finne ut om hender og auge likar veving.
Eit kurs har plass til 4-6 deltakarar.
I tida mellom kursbolkane klargjer deltakarane tekstilstrimlar og gjer seg tankar om korleis teppet kan bli.
Du vel sjølv kor lang tid du vil bruke mellom del 1 og del 2.
Har du vove tidlegare og treng berre litt repetisjon treng du ikkje gå på kurs.
Vi kan snakkast og så ordnar det seg om du vil leige vevstol.
Om din draum er avansert veving er kurset ein god start.
Lær korleis du heime, i eige tempo, kan lage stoffremser til vevinga.
Pris kr. 300,-.
Kurset er ei samling på 3 timar, gjerne frå kl. 18.00 – 20.45 eller kl. 11.00 – 13.45. Andre tider kan avtalast.
Lær å vurdere tekstilkvaliteter som er velegna til innslag i golvtepper:
slitne tettvevde bomullstekstilar som sengety, gardiner, dukar, skjorter, kjoler, bukser ol. Mykje kan brukast, men ikkje alle tekstiltyper er veleigna til same teppe.
Lær å klippe, rive eller skjere remser og klippe endar som kan gje pene skøytar. Lær å vurdere kor breie strimlar som er velegna i ulike tekstilkvaliteter.
Kursdeltakarane vev ein prøvevev på nokre cm.
Det gjer det lettare å ta eigne val.
Vi vil snakke om korleis valg av materiale kan gi ulike løysingar.
Planlegginga styrast av tilgjengelege mengder av ulike fargar og kvaliteter.
For kurs Del 1 kan du bruke materialer til innslag som finns i verkstaden. Det er likevel nyttig om du tek med eigne materialer, slik at du kan prøve ut kor breie strimlar som passer for ulike tekstilar.
Lær korleis du heime, i eige tempo, kan lage stoffremser til vevinga.
Pris kr. 300,-.
Kurset er ei samling på 3 timar, gjerne frå kl. 18.00 – 20.45 eller kl. 11.00 – 13.45. Andre tider kan avtalast.
Lær å vurdere tekstilkvaliteter som er velegna til innslag i golvtepper:
slitne tettvevde bomullstekstilar som sengety, gardiner, dukar, skjorter, kjoler, bukser ol.
Mykje kan brukast, men ikkje alle tekstiltyper er veleigna til same teppe.
Lær å klippe, rive eller skjere og klippe endar som kan gje pene skøytar.
Lær å vurdere kor breie strimlar som er velegna i ulike tekstilkvaliteter.
Kursdeltakarane vev ein prøvevev på nokre cm.
Det gjer det lettare å ta eigne val.
Vi vil snakke om korleis valg av materiale kan gi ulike løysingar.
Planlegginga styrast av tilgjengelege mengder av ulike fargar og kvaliteter.
Materiale til innslag kan du enten ta med, eller du kan fritt bruke
utslitt lyst sengety og andre tekstilar som finns i verkstaden.
Lær å veve golvteppe. Du disponerer vevstolen i 10 dager.
Pris kr. 1300,- med renning
Kurset gjev praktisk vegleiing i å veve golvteppe med innslag av tekstilremser som deltakarane tek med. Samla kurstid er inntil 10 dagar. Om du kan veve fleire timar om dagen vert teppet ferdig på kortare tid.
Første samling varer nokre timar til deltakarane er komne godt igang. Veving vidare fortset til tider som høver den enkelte. Nøkkelboks gjev tilgang til lokalet. Lærar er tilstades minst ein time kvar dag til avtalt tid som høver alle.
Det ferdigvevde teppet vert klippt laus frå veven, endane knytast og den som har vove teppet er klar for applaus.
Om vevinga har gitt meirsmak kan du etterkvart, i ro og mak heime, gjere klart innslag til eit nytt teppe. Få med deg ei venninne/ein venn eller to og bestill leige av vevstol.