Gunvor Berge VEVSTUDIO ligg sentralt i Eikefjord i Kinn kommune,
ei triveleg bygd mellom Florø og Førde.
Verkstaden held til i Vikavegen, med Husflidsbua som næraste nabo.
Her finn du 10 vevstolar som er ferdig oppsett med renning i teknikken toskaft/lerret.
Det er planlagt til veving av golvtepper av utrangerte tekstilar, filleryer.
VEVSTUDIO er for deg som er hendig og kreativ og vil prøve noko nytt, og for deg som kan veve.
Delta på kurs eller leig vevstol i verkstaden og treff andre med same interesse.
VEVSTUDIO gjer at det går an å veve utan eigen vevstol.
Også for den som vil prøve ut veving for eventuelt vidare læring er det ein god start.
Gunvor Dagny Berge, frå Florø, er busett i Eikefjord der ho etablerte VEVSTUDIO hausten 2020. Heilt frå barndommen av har ho vore oppteken av teikning, form, farge og ulike former for handarbeid. I ungdommen vart det eit års opplæring i vev ved Heimeyrkesskulen i Jølster, seinare utdanning innan kunst og handverk og til undervisningskompetanse. Å bruke hendene til å lage eitkvart har vore til glede heile livet.
Veving gjer godt for den som har skapartrang, likar å bruke hendene til gode løysingar og finn glede i å sette saman fine fargar
Motivasjonen for å etablere VEVSTUDIO for veving av golvtepper av brukt stoff er fleir-delt: Veving gjer godt for den som har skapartrang, likar å bruke hendene til gode løysingar og finn glede i å sette saman fine fargar. Det er kjekt å vere kreative i lag med andre og det er kjekt å vere med på gjenbruk i staden for kjøp og kast. Alderen på den generasjonen som ein gang fekk opplæring i veving tilseier at det hastar med å føre kunnskapen vidare.